Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Konfirmasjon



8.-klassing?
No er det snart din tur!

PÅMELDING TIL KONF-26 i VINDAFJORD HER (opnar 1/6/25)

 

OBS - du må også fylle ut eit skjema som skal leverast/sendast inn. Dette for å ivareta personvernet med tanke på opplysningar som er underlagt teieplikt (alle tilsette kan sjå det som blir lagt inn elektronisk, men berre prest og kateket har tilgang til innlevert skjema). Dette skjemaet finn du her:

Ølen og Bjoa

Skjold, Vats og Vikebygd

Sandeid, Vikedal og Imsland

 

KONFIRMASJONSDATOAR 2026:

 

  • IMSLAND - laurdag 9/5
  • VIKEDAL - laurdag 9/5
  • SANDEID - laurdag 2/5
  • ØLEN - laurdag 25/4 og søndag 26/4 (velg dag ved påmelding)
  • BJOA - laurdag 2/5
  • VATS - laurdag 2/5
  • SKJOLD - laurdag 26/4
  • VIKEBYGD - søndag 3/5 - dato litt usikker

 

 

Under finn de litt generell informasjon.

Få inspirasjon og finn ut meir på TikTok-emneknaggen #konfirmantene

Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar. Bli utfordra, få nye opplevingar og kanskje nye vener?

Ulike tema vi skal utforske saman er: Kva skal eg bruke livet til? Korleis er Gud? Kva betyr eg for Gud, og Gud for meg? Kva skjer i ei gudsteneste – eigentleg? Korleis kan eg bety noko for andre? Venskap og menneskeverd. Sorg, glede og kjærleik. Dåp og nattverd. Bibelen. Tru, tvil og misjon. Miljø og rettferd. Kva skjer når vi bed? Kven er Jesus og Den Heilage Ande? Korleis kan eg ta vare på meg sjølv?

I konfirmanttida er det tid og rom for å tenkje og stille spørsmål. Det er ei tid for å lære meir om Gud, den kristne trua, deg sjølv og om andre. Kyrkjelydane i Vindafjord ønskjer å gi eit godt tilbod med variert undervisning og aktivitetar.
 

Informasjon blir delt ut på skulane innan utgangen av mai. Her finn du invitasjonsbreva:

Skjold, Vats og Vikebygd

Ølen og Bjoa

Sandeid, Vikedal og Imsland
 

Det blir også innskrivingssamlingar for potensielle konfirmantar og deira føresette med meir informasjon desse datoane:

  • Vikedal kyrkje onsdag 11. juni kl. 17:00 for Imsland, Vikedal og Sandeid
  • Skjold kyrkje tysdag 10. juni kl. 17:30 for Skjold, Vats og Vikebygd
  • Ølen kyrkjetun onsdag 10. juni kl. 17:00 for Ølen, Ølensvåg og Bjoa

 

Generell info om konfirmasjon i Den norske kyrkja finn du også på www.konfirmant.no.
 

Her er nokre filmsnuttar om korleis det kan vere:

Kva er eigentleg konfirmasjon?

Konfirmasjonsdagen

 

KONFIRMASJONSDATOAR I VINDAFJORD dei neste åra:

  • IMSLAND - andre laurdag i mai 
  • VIKEDAL - andre laurdag i mai 
  • SANDEID - første laurdag i mai
  • ØLEN - siste helga i april, laurdag og søndag
  • BJOA - første laurdag i mai
  • VATS - første laurdag i mai
  • SKJOLD - siste laurdag i april
  • VIKEBYGD - første søndag i mai (kan bli endringar)
 

 

Lurer du på noko? Spør ein prest eller kateketen.

Kontaktinfo til kateketen i Vindafjord:
Britt Karstensen
E-post: britt.karstensen@vindafjord.kommune.no
Tel. kontor: 53 65 65 42, mobil: 452 21 580