Vindafjord kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Nynorsk salmebok 100 år - Salmekveld i Skjold


Året 2025 feirar nynorsk salmebok sitt 100-års jubileum. I Vindafjord vart dette markert med salmekveld i Skjold kyrkje onsdag 26. november. Mange møtte opp for å syngja seg saman til musikk og tonar frå organist og kanto Solveig Meling Johannesen.

Vegard og Vendel-Agathe Skartland Hide framførte nynorks salmesongar på denne salmekvelden leia av Ingrid Mathilde Sørvåg.
Tekst og foto:  Steinar Skartland, redaktør for Hyrdingen. 

Onsdag 26. november samla 32 salmeglade personar seg i Skjold kyrkje for å syngja saman ei lang rekkje med nynorske salmar som vi finn i den salmeboka som vert nytta i dag i kyrkjene våre. Musikk på kyrkjeorgel og flygel stod kantor Solveig Meling Johannesen for, men her var også fleire framføringar av Vegard og Vendel-Agathe Skartland-Hide, som både song duett og stod for musikk på flygel og trompet.


Før kvar song hadde Ingrid Mathilde ein presentasjon av salmen. Litt om diktar og den tilknyting som fleire av dei hadde til Vindafjord. Folket i benkene fekk også koma med sine forslag til salmar å syngja, og kantor Solveig M. Johannesen tok musikken på sparket etter kvart som nye salmeforslag kom på bordet.  Også Per Egil Meling presenterte og framførte nokre av salmane med stor innleving og god kunnskap om både diktar og bakgrunn for salmane.



Vegard og Vendel-Agathe Skartland-Hide
 

I Hyrdingen nr. 3 kunne ein lesa følgjande om dette 100-års jubiléet, skrive av Ingrid Mathilde Sørvåg, som både er redaksjonsmedlem i kyrkjebladet, medforfattar til boka: Vi er i Amerika nå (Kvinner frå Haugalandet som utvandra) og sogelaget si årbok:  


NYNORSK SALMEBOK 100 ÅR  

Ingrid Mathilde SørvågTekst: Ingrid Mathilde Sørvåg,
Kyrkjebladet Hyrdingen nr. 3 i 2025.

Språk er viktig som identitetsmarkør, og for mange av oss er nynorsk hjartespråket. I 1925 kom for første gang ut ei salmebok på nynorsk. Den var utarbeidd av sokneprest Anders Hovden saman med biskopane Bernt Støylen og Peter Hognestad.

Reformasjonen på 1500-talet førte med seg dansk som språk i gudstenester, i skulen og som bibelspråk i Danmark og Noreg. Gjennom det meste av 1800-talet var det framleis danske salmebøker som vart nytta her i landet. Men etter kvart arbeidde fleire for fornorsking også av det religiøse språket, og frå rundt 1900 vart det skrive mange salmar på landsmål (skriftnorma som frå 1920-åra heiter nynorsk).

Den fremste pioneren for salmedikting på norsk landsmål var Elias Blix. I 1892 vart ei samling med 150 av salmane hans (87 originale og 63 omsette) offentleg godkjende for gudstenestebruk som tillegg til tidlegare godkjende salmebøker. Særleg i åra etter 1905 vart Blixsalmane tekne i bruk mange stader. Fedrelandssalmen «Gud signe vårt dyre fedreland» vart særleg populær i samband med unionsoppløysinga, og i åra etter 1905 vart Blix-salmane innførte som supplement i fleire og fleire sokn. Den vanlege salmeboka (Landstads Kirkesalmebog) hadde etter kvart med «Blix-tillegget» bak i boka. På same tid kom det også mange nye salmar og åndelege songar på nynorsk frå diktarar som Matias Skard, Matias Orheim, Johannes Barstad og Anders Hovden.

Nynorske salmar i salmebokaI 1925 kom for første gang ut ei salmebok på nynorsk. Den var utarbeidd av sokneprest Anders Hovden saman med biskopane Bernt Støylen og Peter Hognestad. Ho vart snart ein suksess og vart mykje brukt i nynorskområda gjennom seksti år. Boka hadde 711 salmar på nynorsk og eit tillegg med 200 salmar på bokmål. I 1985 kom Norsk salmebok, som inkluderte salmar på nynorsk og bokmål – i tillegg til samiske språk. Den vart revidert og no nyttar dei fleste Norsk salmebok 2013 –framleis er det 25 salmar som Anders Hovden har omsett.

Korleis står det til med salmesongen i våre bygder? Det kan merkast i skulegardar på 17. mai, i julegudstenester og i gravferder at ikkje alle er med og syng. Mange opplever ein terskel for å stemme i – og ein kan ikkje gå ut ifrå at «alle kan» ein song. Eit salmejubileumsår kan inspirera til ei nytenking og nybruk av salmar. Ein kan spørje seg kva nytt kan salmane skapa? Kva rolle kan salmar ha for folk – for dei som freistar å syngje, og for dei som ikkje syng lengre? Kva kan ei salme vere, og få oss til å gjere?

Kjelder:
• Hundre år med nynorsk salmebok - Ressursbanken, Den norske kirke
• Nynorsk salmebok – Store norske leksikon

Les også:
Mini-konsert i Vikebygd kyrkje opna julemessa
Sein-haust konsert på Arken i Vats  
Hyrdingen nr 3. - 2025
Hyrdingen nr. 4 - 2025  

 

Tilbake