Det var heilt fullt hus under konserten med Odd Nordstoga i Skjold kyrkje 17. september 2025. Og dei som hadde betalt over 480 kroner for billetten vart ikkje skuffa.
Odd Nordstoga - åleine på scena med trekkspelet, gitaren og sine musikalske forteljingar.
av Steinar Skartland - Kyrkjebladet Hyrdingen
Då klokka var slagen 7 om kvelden var kyrkja i Skjold stufull av folk som hadde betalt for ein fast og nummerert plass under den to timar lange konserten med Odd Nordstoga. Det var ikkje Odd, men ein med omlag same dialekten som først entra scenen framme i koret. Gunnar Listog hadde ei lang innleiing på telemarksdialekt og knytte trådar til andre kjende spelemenn som hadde halde konsert i Skjold kyrkje tidlegare. Ei interessant innleiing til konserten som var arrangert av: Kulturutvalet Skjold Vats Vikebygd sokn.

Etter to år «Langt heimafrå» med Ingebjørg Bratland og med den ganske så ferske boka Spelemann i bakspegelen er Odd Nordstoga attende på scena for ein soloturné i 2025. Boka Spelemann, som kom ut til strålande kritikkar i haust, tok for seg det som har forma musikaren Odd og songane hans. På denne konserten var det songane sjølv som fekk merksemda. Nye og gamle, melankolske og glade. Men ei og anna historie fra boka og frå Odd Nordstoga sin oppvekst og liv fekk vera med på å setja farge på kvelden. Under konserten var Odd Nordstoga, åleine på scena med trekkspelet, gitaren og sine musikalske forteljingar.
Ein farfar i livet sku alle ha
Dei som hadde funne vegen til kyrkja denne kvelden kjende nok dei fleste av songane til Odd Nordstoga. Men mellom song, trekkspel og gitar så fortalde han frå livet sitt. Både frå oppveksten med trekkspel og musikk og sterke historiar frå oppveksten i Vinje. På ein gard der sumaren og finvêr betydde hesjing av høy medan han såg på bilane som for på veg mot ferie og andre opplevingar. Men også om familien og ulike utfordringar dei hadde vore gjennom. Om mora - den sterke kvinna i familien - som fekk kreft, men ikkje let seg knekka av det. Om søstera sine utfordringar og anna som hadde vore med og forma guten frå Vinje. Og som sikkert har gjort at songane hans har vorte ekstra populære då dei rører med mange. Fframførte på Vinjedialekta og med musikk som er ei blanding av tradisjonell folkemusikk og populærmusikk. Det meste på norsk, men han mintes også då han som ung likte å imitere Bruce Springsteen og framførte også ein av hans songar.

Dei to timane gjekk fort og ute i gangen - eller våpenhuset som det heiter i ei kyrkje - kunne Odd Nordstoga etterpå signera og selja mange eksemplarar av den nye boka som kom ut i haust. Ein lang kø gjekk frå bokbordet og innover i kyrkja. Sakte kunne flokken utanfor løysa seg opp etter kvart som det var deira tur til å køyra ut bilen frå den tett-stuva parkeringsplassen nedanfor kyrkja.