Etter heile sekls utlysingar er Åse Selsvold tilsett som sokneprest i Ølen og Bjoa.
Det kom fem søkjarar på stillinga som ny sokneprest i Ølen og Bjoa sokn. Åse Selsvold har teke imot tilbodet til ei stilling ho gler seg til å ta til i.
Åse Selsvold – ny sokneprest.
Det kom fem søkjarar på stillinga som ny sokneprest i Ølen og Bjoa sokn. Åse Selsvold har teke imot tilbodet til ei stilling ho gler seg til å ta til i. Som sokneprest i Kvinnherad var det lang reise med bil og ferje frå Bømlo til arbeidsstaden. Nå vert reisa kortare og ho ser ikkje bort frå at det kan vera aktuelt å flytta til Vindafjord seinare.
– Det viktige for meg er å få forkynna evangeliet, og formidla bodskapen, seier Åse.
– Men også møtet med folk i alle fasar av livet. Eg likar godt at ingen dagar er like og oppgåvene varierte.
Åse Selsvold (52 år) tok til med kristendom grunnfag i 1993 i Bergen, med tanke på å utdanna seg til prest. Då ho fekk familie og etter kvart to born, vart teologistudiet sett på pause og ho flytta heim til Bømlo. Der jobba ho i posten og i kommunen si heimeteneste. I 2012 starta ho opp igjen, kombinert med jobb i heimetenesta. Frå 2020 vart ho prestevikar i Kvinnherad og ordinert som prest i mars 2023. Ho tek til i stillinga hos oss 1. august.